|
Sauda - med sans for heimebaserte
løysingar
Sauda kommune har 4700 innbyggarar og har
satsa sterkt på heimebasert omsorg. Frå den første eldreplanen i 1987
har det vore einstemminge politiske vedtak som seier at me skal satsa på
heimetenester. Stikkord er; individuelle tenester, folk skal få bu
heime så langt råd er, rehabiliteringstanken, fleksibel og
differensiert teneste, skilje mellom bustad og tenester, døgntryggleik
og gode aktivitetstilbod. Det som var av institusjonsplassar er ombygd
og definert som omsorgsbustader og alt som er bygd nytt dei siste 8 åra
er omsorgsbustader med fellesareal/bufellesskap. Både demente og
funksjonshemma bur i bufellesskap med fellesareal og fast personale.
Ingen skal bu på sjukeheim over lang tid. Det viktigaste er å ha nok
personellressursar og god kompetanse i bufellesskapa slik at brukarane føler
seg trygge. For kommunen er det og ei rimelegare løysing enn å satsa på
institusjonsdrift. I tillegg kjem dei aller fleste brukarane betre ut av
det økonomisk ved å bu i omsorgsbustad enn på sjukeheim.
Dei siste 8 åra har kommunen berre hatt
9 institusjonsplassar. Dette er korttidsplassar som er brukt til
avlasting, rehabilitering, overgangspleie etter sjukehusopphald og
alvorleg sjuke og døyande. Det har medført at me klarer å ta i mot
pasientar som er utskrivingsklare frå sjukehus fort.
Alle sjukepleiarane er tilsett i same
eining og skal yta tenester til brukarane etter behov. Det har ført til
at denne ressursen vert nytta godt og at sjukepleiarane får utfordrande
og relevante oppgåver. Dei får og eit fagleg og sosialt fellesskap som
er viktig å ta vare på. Modellen er positiv fordi ein lett rekrutterer
nye/ unge sjukepleiarar, men den set og høgare krav til dei andre
tilsette i einingane.
Ein er nå i ferd med å bygga opp Sauda
Distriktsmedisinske Senter i lag med Helse Fonna. 5. februar i år opna
11 kommunale korttidssenger og etter planen skal Helseforetaket i gong
med observasjonssenger om ikkje lenge. Det gjer at særleg eldre og
kronikarar får eit betre helsetilbod her i Sauda og slepp å reisa i
fleire timar til næraste sjukehus. Samarbeid mellom helseforetaka og
kommunane er avgjerande for å få til gode og heilskaplege løysingar
for brukarane både no og i framtida. Det er viktig å satsa på
forskjellige modellar for samarbeid ut frå dei behova ein har.
Pleie- og omsorgsplanen skal no
reviderast. Det gjenstår å sjå om Sauda vidarefører den heimebaserte
lina ein no har lagt seg på. Men me dei erfaringane ein har gjort seg
er det gode grunnar for dette, både for brukarane, dei tilsette og i høve
til økonomien.
For mer informasjon ta
gjerne kontakt med Aslaug Tangeraas (aslaug.tangeraas@sauda.kommune.no)
|